Kvinnherad arena – spørjeundersøking

I samband med utbygging av Kvinnherad arena ønskjer Kvinnherad kommune å undersøkje kor mykje dei einskilde organisasjonane ser for seg å nytte hallen. Undersøkinga er retta mot organisasjonar som direkte eller indirekte har ein aktivitet som tangerer med dei areala vi planlegg inn i Kvinnherad arena:

Dobbel handballflate
Aktivitetssal (kampsport/dans)
Turnhall
Sosialt rom
Klatrevegg og buldreanlegg
Løpebane (60m)

I undersøkinga inkluderer vi alle tenkelege brukarar av hallen, då areala er attraktive og kan opne for allsidig aktivitet. Lista over mottakarar for undersøkinga er difor lang og variert. I undersøkinga kan de óg gje innspel til nyskapande aktivitet. For enkelte vil det ikkje vere relevant å svare på undersøkinga i det heile tatt. Undersøkinga er ikkje forpliktande, men vil liggje til grunn for kva driftsoppgåver vi må ta sikte på å løyse i Kvinnherad arena.

Undersøkinga finn de her (lenkje) Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 


bilete kvinnherad arena fasader.PNG

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?