Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Nasjonal tilskotsordning for å inkludere born og unge

No kan alle frivillige lag og organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar søkje midlar frå Nasjonal tilskotsordning for å inkludere born og unge

Ordninga gjev både frivillige organisasjonar, kommunale tenester og private aktørar moglegheita til å gje eit rikare aktivitetstilbod til born og unge.

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant born og unge. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire born og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldra si inntekt eller sosiale situasjon. Det skal ikkje stillast krav om kunnskap, politisk ståstad eller religiøs bakgrunn for å delta. Tilbodet skal så langt det er mogleg ha låge eller ingen kostnadar.

Det er barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) som forvalter tilskotsordninga og i år er det i forslag til statsbudsjett satt av om lag 350 mill. kr som skal delast ut.

Nytt i 2021:Inntil 20 mill. kr er satt til utprøving av metoder/arbeidsmodeller og koordinering av samarbeidet mellom tenester.

Søknadsskjema

Informasjon om ordninga og elektronisk søknadsskjema finn de på bufdir.no eller følg denne lenkja Lenke til et annet nettsted..

Søknadsfrist: 4. desember 2020.

Kontaktperson

Har du spørsmål?  Kontakt folkehelsekoordinator Kristian Helgesen, kristianhelgesen@kvinnherad.kommune.no eller Frivilligsentralen; Veronica Thorsen, veronica.t.thorsen@kvinnherad.kommune.no

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?