Politiske møter i veke 46 og 47 skal skje digitalt

Ordførar har i dag vedteke at alle møter i politiske råd og utval i veke 46 og 47 skal verta gjennomført digitalt. Dette har bakgrunn i gjeldande smittesituasjon knytt til covid-19 i Kvinnherad kommune.

Vi håpar at dette, saman med andre tiltak og anbefalingar som er iverksett, er med på å førebyggja for eventuelt vidare smitteutbrot. Dei nærmaste dagane og vekene vil gje oss ei betre oversikt.

Ny vurdering knytt til avvikling av politiske møter vert gjort i slutten av veke 47.

Bakgrunn for ordførars avgjerd er at Kvinnherad kommunestyre har handsama eit nytt tilleggspunkt i politisk reglement - Reglement for dei politiske organa i Kvinnherad kommune 2019-2023. Dette nye punktet har følgande ordlyd:

«19. Fjernmøte
Folkevalde organ i Kvinnherad kommune kan i særskilde tilfelle halda møta sine som fjernmøter med heimel i kommunelova § 11-7.
Avgjerda om å halda eit møte som fjernmøte skal takast av ordførar i samråd med utvalsleiar og kommunedirektør».

Dette vedtaket vart handsama av Kvinnherad kommunestyre i dag, tysdag 10. november, med skriftleg handsaming som hastesak etter Kommunelova § 11-8.

Alle møter vil bli kringkasta via Kommune-TV, slik at ålmenta har tilgang på, og kan fylgje med på behandling av alle saker i denne perioden.

Det vert ikkje gjort opptak.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?