Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Bruk av munnbind

Beredskapsgruppa i Kvinnherad kommune har i dag vedteke å oppmoda alle elevar på ungdomstrinnet og i vidaregåande skule om å bruka munnbind på skulebussen. Elevane skal få utdelt gratis munnbind dei neste to vekene på den skulen dei går på. Landet er no inne i ei bølgje av smitte mange stader og dei neste vekene kan vera avgjerande for kva retning dette vil ta.
Beredskapsgruppa ber om at føresette oppmodar borna om å vera med å nytta munnbind dei komande vekene.

Kommunen oppmodar også at vaksne som tek bussen i lag med skuleelevane brukar munnbind dei næraste to vekene.


Skjermbilde.PNG

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?