Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Gode kvinnheringar!

Koronasmitten aukar i heile landet, og i løpet av dei tre siste dagane har det kome seks nye smittetilfelle også her i kommunen. Kvinnherad er no klassifisert som eit oransje område. Framover vil vi oppdatera nye smittetilfelle dagleg klokka 10.

Kvinnherad kommune følgjer alle dei nasjonale råda som regjeringa kom med i pressemelding 5. november: https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/-hold-dere-hjemme-ha-minst-mulig-sosial-kontakt/id2783763/ Lenke til et annet nettsted.

Ein oppmodar sterkt om at no er tida for å halde seg heime. Unngå unødvendig reising, arrangement og aktivitetar. Born og unge opp til 19 år kan få leva så normalt som mogleg, då dei ikkje smittar vidare så lett. Det er i størst grad dei vaksne som smittar vidare. Ein oppmodar lag og organisasjonar, med medlemmar frå 19 år og oppover, om å ta pause frå faste aktivitetar ein månad.

Ein oppmodar om bruk av munnbind på kollektiv transport som buss og snøggbåt. Her får ungdommen skryt for å vera flinke!

Aktivitetar/arrangement der det kjem tilreisande frå andre kommunar bed ein om å ta opp til sterk vurdering om er naudsynt. Det kan koma vedtak på kort varsel dersom smitten aukar.

Ein oppmodar også at verksemder, der dette let seg gjera, organiserer heimekontor for dei tilsette.


Takk for at de følgjer smittevernråda! Om vi alle saman er flinke no så kan vi forhåpentlegvis gå fortare attende til ein meir normal kvardag att!


Ta vare på kvarandre! God helg.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?