Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Ekstraordinære middel til næringsfondet

Kommunal- og moderniseringsdepartementet (KMD) har i samanheng med koronatiltaka i krisepakke – fase 3 for 2020 oppretta ein ny tilskotspost på kap. 553, post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling, øyremerkt til kommunale næringsfond. Dette er ei eingongsløyving på 600 millionar kroner til kommunar som er hardt råka av høg arbeidsløyse som følge av virusutbrotet.

Løyvinga til Vestland fylkeskommune er 75,3 millionar kroner. Kvinnherad kommune har fått tildelt 1,6 millionar kroner av desse midla.

Les meir om målgruppa, vurderingar og søknadsinformasjon her Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?