Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Oppstart skulane måndag 17.08.20

Kvinnherad kommune ynskjer alle velkomne til nytt skuleår.  I år har me 1568 flotte elevar fordelt på skulane rundt i kommunen. Spesielt vil me ynskja velkomne 137 nye 1.klassingar.

Denne hausten er me framleis prega av koronasituasjonen. Skulane må til ei kvar tid planleggja etter trafikklysmodellen Lenke til et annet nettsted.. Per i dag er me på gult nivå. Det betyr at store og små framleis må ha fokus på smittvern i skulekvardagen.

  • Ingen sjuke skal møta på skulen                                                             
  • God handhygiene
  • Redusert kontakt mellom personar

Nytt hausten 2020:

Det vert ei gradvis innføring av nye fagplanar dei neste tre åra. Overordna del- verdigrunnlag og prinsipp er gjeldane for alle frå 1.august 2020. Sentrale punkt er mellom anna; inkluderande miljø, sosial læring, tverrfaglege tema, djupnelæring, nytt kompetanseomgrep og grunnleggjande dugleikar. Dette skal syna att i skulane sin praksis og opplæring.

  • Moderasjonsordningar i SFO:

Frå 1. august er det innført nasjonal ordning for reduksjon i foreldrebetalinga i SFO. Endringa gjeld:

  • Redusert foreldrebetaling for familiar med låg inntekt. Gjeld elevar i 1. -2.trinn
  • Gratis SFO- tilbod til barn med særskilde behov i 5.-7. trinn

Meir informasjon om ordninga finn de på heimesida Lenke til et annet nettsted..

  • Læringsteknologi:

Alle elevar i Kvinnheradskulen på 1.-5. trinn vil frå skulestart få eigen iPad. Læringsteknologi skal vera ein integrert del av opplæringa i grunnskulen. Innan 2021 vil alle elvar ha ei digital eining 1:1 i tråd med den kommunale IKT-strategien.


skulestart.PNG

I Kvinnherad skal alle elevar oppleva å vera del av eit trygt, godt og inkluderande Lenke til et annet nettsted. miljø som bidreg til læring og utvikling. Det får me best til i eit nært og godt samarbeid med heimane. Som forelder/føresette er de viktige støttespelarar for barnet- Lukka til med skuleåret!

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?