Informasjon frå kommuneoverlege angåande innreisekarantene m.m
Alle som kjem til Noreg frå utlandet, med unntak av gitte områder i Europa med tilstrekkeleg låg smittespreiing, skal vera i heimekarantene i 10 dagar. Kva for land/områder som er unnateke karanteneplikta («grøne land»), vil kunna endra seg raskt, og den enkelte som er/har vore på reise, pliktar å halda seg oppdatert!
Det er også verdt å ha i bakhovudet at så og sei alle grøne land framleis har ein betydeleg høgare smitteførekomst enn i Noreg.
Oppdatert informasjon om land med unntak frå karanteneplikta (grøne land) finn ein på: https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus/fakta/reiserad-knyttet-til-nytt-koronavirus-coronavirus/ Lenke til et annet nettsted.
Helsepersonell med pasientnært arbeid som har vore på reise i grøne land utanfor Norden, skal testast éin gong for SARS-CoV-2 og ikkje ha pasientnært arbeid før negativ test ligg føre. For grøne regionar i Norden ser ein ikkje dette som naudsynt per no.
Alle som har vore utanlands og utviklar luftvegssymptom bør testast for SARS-CoV-2 og SKAL halda seg heime.
Minner om at det er gode smittevernrutinar som no held samfunnet i gong. Dette gjeld alle og overalt!
Hugs god handhygiene, hugs handsprit/handvask før og etter butikk- eller privatbesøk, praktiser god hoste-/nysehygiene, unngå folkemengder så langt det lar seg gjera, hald minimum éin meter avstand til andre i det offentlege rom, blei heime ved milde luftvegssymptom og utsett utlandsreisa om det lar seg gjera.
Ha ein fortsatt god og smittefri sommar!
Kommuneoverlege
Glenn A. Opland
Sist oppdatert