Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Ny krisepakke for frivilligheita 

Ei ny koronakrisepakke for frivillige lag og organisasjonar er klar. Formålet med ordninga er å kompensera frivillige organisasjonar som har betydelege inntektstap frå arrangement eller anna spesifisert aktivitet, som følgje av pålegg eller råd gitt av staten i samband med koronautbrotet. 

Krisepakke 2 gjeld for perioden 12. mars til og med 31. august 2020. Søkarane må vere registrerte i Frivilligregisteret.    

Søknadsfristen er 15. september.   

Det kan søkjast om:

  • Tapte inntekter frå arrangement som skulle vore arrangerte i perioden (til dømes tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarknad eller kioskinntekter).
    Arrangement vil seie tidsavgrensa aktivitetar som er opne for alle medlemmane, besøkjande, publikum og andre deltakarar i målgruppa.
  • Tapte billettinntekter frå anna spesifisert aktivitet i perioden (til dømes museum, akvarier, kinoar eller idrettsanlegg).
    Anna spesifisert aktivitet vil seie tilbod i regi av frivillige verksemder som skulle vore opne for besøkjande i den gjeldande perioden.
  • Tapte utleigeinntekter i perioden (utleige av bygningar, anlegg, hytter, båtar og andre rom og lokale).
  • Tapte inntekter som følgje av at organisasjonen har mista oppdrag i tilkyting til eit arrangement eller anna spesifisert aktivitet.

Les meir på Lotteri- og stiftelsestilsynet sine nettsider.
(https://lottstift.no/ny-krisepakke-for-frivilligheita-2/)

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?