Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Kommunale bygg stengd ut skuleåret 2020

Alle kommunale bygg og basseng vert stengde for utleige ut dette skuleåret.

I samband med Covid-19 og alle smittevernstiltak, vert dessverre alle kommunale bygg og basseng stengde for utleige ut skuleåret 2019/2020.

I samband med dette, så vil alle avtalar om leige av kommunale bygg i dette tidsrommet utgå.

Eventuelle unntak vert handsama særskilt.

 

Før skuleferien vil det bli lagt ut melding på Kvinnherad kommune sine heimesider og i lokalavisene om søknadsfrist for leige av kommunale bygg i skuleåret 2020/2021.

Informasjon om korleis ein søkjer om dette vil bli lagt ut samstundes.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?