Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Opning av skulane frå 11. mai

Meldinga om at skulane skal opna for elevane i 5. til 10. årssteg frå måndag 11. mai har kome og alle tilsette i ser fram til å få elevane tilbake til skulen!Meldinga om at skulane skal opna for elevane i 5. til 10. årssteg frå måndag 11. mai har kome og alle tilsette i ser fram til å få elevane tilbake til skulen!


Skolebarn i kritt.jpg

Skulane er førebudde på opninga, og har organisert den nye skulekvardagne i tråd med lov/forskrift og smittevern-vegledarane.  

Sjølv om skulane opnar att, vil omsynet til smittevern avgrensa korleis drifta i kvar skule kan organiserast, men skulane strekker seg langt for at tilbodet til elevane skal bli mest mogleg normalt.

Elevane vil likevel møta ein annleis skulekvardag enn den dei er vane med. Skulane skal organisera seg ut frå eiga ramme og ressursar. Dette kan føra til at nokre skular må redusera opningstid eller tal barn som er til stades samtidig – dersom det er naudsynt for å halda krava til smittevern og  forsvarleg drift.

I følgje den nasjonale rettleiaren, skal alle elevane ha eit jamleg tilbod- og vera innom skulen kvar veke. Skulane kan framleis kombinera skuleundervisning og fjernundervisning.

Skuleskyss

Skyssoperatørane har òg krav om å gjennomføra tiltak for å ta i vare smittevern. Eit av tiltaka er redusert kapasitet for å ta i vare at elevane held avstand til kvarandre. Dette betyr at det vil vera redusert kapasitet på skulebussen.

Skulane i Kvinnherad er i ulik grad avhengig av skyss for sine elevar, og dette vil såleis få ulike konsekvensar for skulane. Føresette vert oppmoda om å kjøra eigne barn om dei har høve til det! Sjå elles informasjon frå Skyss.

Elevar og føresette vil få utfyllande informasjon frå sin skule om korleis skuleopninga og den nye skulekvardagen vil vera!

Dei tilsette ser fram til å få alle elevane tilbake til skulen og ynskjer dei hjarteleg velkomne!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?