Pressemelding – Tøffe tider i næringslivet i Kvinnherad

Det er tøffe tider for næringslivet i Kvinnherad. Ordførar og administrasjonen i kommunen har tett kontakt med næringslivet under Korona-epidemien.

Politikarane i Kvinnherad er einige om lokale tiltak for næringslivet.

Kvinnherad kommune vil gjennomføre planlagde investeringar så langt det er mogleg.

Fleire prosjekt vil bli gjennomførte i løpet av kort tid. Det største er Krokaparsellen til ein verdi av kr 500 mill. som vil bli starta opp tidleg i 2021.

Liste over andre prosjekt som ikkje ligg i «Kvinnheradpakken» kan de finna i slutten av meldinga.

Brannstasjon på Husnes er eit stort prosjekt som blir sett i gong i desse dagar.

  • Politikarar vil få hyppig oppdatering frå næringssjef/KNS om tiltak som er iverksett og oppdatering på behov frå næringslivet utanom det dei sjølv fangar opp

  • Det er arrangert og vil bli arrangert fleire nettmøte med næringslivet i Kvinnherad

  • Administrasjonen jobbar med å framskunde oppstart av byggeklare prosjekt og jobbar med å gjere flest mogleg prosjekt byggeklare

  • Omstillingsarbeidet vert styrka, vi vurderer medlemskap i næringsklynger for omstilling som NCE Maritim Clean Tech. Arbeidet i næringsorganisasjonar der vi er medlem som Atheno, Kvinnherad Næringsservice, Næringsalliansen m. fleire vert intensivert.

Vi vil sende søknad på fleire tilskotsordningar bl.a. innan grøn næring til Vestland fylkeskommune.

  • Smidige ordningar slik at bedrifter kan legge om til nye driftskonsept, frå servering til catering, frå handel i butikk til heimlevering.

  • Gjennom vårt studiesenter på Husnes ønskjer vi å tilby permitterte arbeidarar omskulering og vidareutdanning. Dette vil bli gjort i samband med NAV, Kvinnherad Vidaregåande, Sparebank1 stiftinga Kvinnherad, tillitsvalde og fylkeskommunen. Regjeringa har auka støtta til kompetanseheving og bedriftsintern opplæring i bedrifter. Kvinherad kommune vil saman med KNS følgje opp søkjarar til aktuelle ordningar.

Vi ønskjer å styrke studietilbodet med kurs innan digitalisering, grønt skifte, innovasjon og omstilling. Kom gjerne med innspel.

  • Det blir vurdert å tilsetje fleire på byggesak for å auke kapasiteten opp mot næringsliv og privatpersonar.

  • Kommunen saman med KNS  jobbar med eit marknadsføringsopplegg der ein vil oppmuntre til å handle lokalt.

  • Informasjon knytt til tiltakspakkar er å finna på kommunen sine heimesider, samla og strukturert slik at det skal vere enkelt å finne fram. Kontakt oss gjerne for spørsmål om dette.

  • Det er oppretta ei eiga FB side «Kvinnherad kommune næringsside»

  • Kommunen vil gjennomføre politiske møter som planlagt for å sørge for at viktige avgjerder ikkje stoppar opp som t.d. godkjenning av reguleringsplanar og byggesaker.

 

Oversikt over status/mogleg framdrift:


Prosjekt

 

 

I tillegg kjem generelle vedlikehaldsoppdrag for ulike fag på kr 25 mill.

 

Kontaktinformasjon:

Kontakt

Ordførar: Hans Inge Myrvold mobil: 480 25 277

Næringssjef: Grete Solheim: 991 53 785

Koordinator KNS: Kristine Røyrvik: 954 94 733

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay