Val av meddommarar og lagrettemedlemmer til domstolane

Kommunestyret skal velja nye meddommarar/lagrettemedlemmer til lagmannsrett, tingrett og jordskifterett frå og med 1.januar 2021 til og med 31.desember 2024. Er du interessert i å melda deg som meddommar/lagrettemedlem? Frist: 31.03.2020
Den som skal veljast må ha tilstrekkeleg norskkunnskaper og vera personleg egna for oppgåva.
Dessutan:
- vera mellom 21 og 70 år
- stå innført i manntalet i kommunen
- vandel vil bli kontrollert
Samansetjinga av utvala skal så langt råd er samsvara me befolkninga i kommunen. Kommunestyret vil velja ut meddommarar / lagrettemedlemmer etter alder/kjønn/yrke/etnisk bakgrunn. Opplysningar elles finn du på www.domstol.no Lenke til et annet nettsted.
Er du interessert kan du senda melding saman med desse opplysningane: Fullt namn/adresse/fødselsnummer/telefonnummer/yrke/stilling. Dessutan ynskje om rettsinstans: Sunnhordland tingrett, Gulating lagmannsrett eller jordskifteretten. Gjer merksam på at du ikkje kan velja både tingrett og lagmannsrett, berre ein av dei
Send til: Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
eller
e-post: post@kvinnherad.kommune.no
Innan 31.03.2020
Sist oppdatert