Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Varsel om høg vass-stand

Meteorologisk institutt (Met) varslar om ekstremt høg vass-stand (raudt nivå) 10 og 11. februar for Vestland.

Den høge vass-standen er ein kombinasjon av høgt tidevatn og oppstuving av vatn som følgje av vind mot kysten og lågt trykk. Vass-standen vil vere høgst natt til tysdag mellom 23.00 og 03.00, og Met forventar at vass-standen vert høgare enn under ekstremveret Didrik i januar.

 Sjå meir om varselet på varsom.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Venleg helsing
Fylkesmannen v/beredskapsseksjonen

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?