Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

4. oktober–2. november 2019

Gullgruve på rot - fagdagar for skogeigarar og gardbrukarar

1. og 2. november kl 10-16

Kvinnherad kommune i samarbeid med Ytre Hardanger Skogeigarlag og Søre Kvinnherad Skogeigarlag arrangerer to fagdagar 1. og 2. november kl 10-16 for skogeigarar og gardbrukarar.
Vi fokuserer på det som kan gjere plantefeltet ditt til ei økonomisk «gullgruve». Fagdagane har både ein teoretisk del og ein praktisk del ute i skogen. Det blir servert kaffi og enkel lunsj. Kurset er gratis.

Fredag 1. November – Søre Kvinnherad område.

Kl 10 -13 i festsalen på kulturhuset på Husnes – teoretisk del og lunsj

Kl 13- 16 ute i skogen på Halsnøy og Sunde

Laurdag 2. November – Ytre Hardanger område.

Kl 10 – 13 på Nestunet – teoretisk del og lunsj

Kl 13 -16 ute i skogen på Nes


Tema:
◾Kva er plantefelta sin hogstverdi? Vi ser nærare på den store verdiauken dei siste åra før skog er hogstmoden.
◾Kva er rett tid til å hogge plantefelta?
◾Kvifor plante etter hogst?
◾Korleis rett bruk av skogfondet aukar eigaren si netto hogstinntekt og reduserer kostnaden med investeringa.
◾Så billig kan ein skogsveg bli!
◾Kvifor er ungskogpleie av dei mest lønsame tiltaka i skogen?
◾Korleis bør ungskogen stellast for å få verdiauke i framtidsskogen?
◾Så mykje betyr din skog for klimaet på jorda.

Sjå også introduksjonsvideo om fagdagen her: https://youtu.be/I71MvKdaf2s Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

NB! 

Avgrensa antall deltakarar. Derfor er det bindande påmelding innan 30. oktober til :

peregil.juel@gmail.com  før å vere med 1. november.

yhskog@outlook.com før å vere med 2. november.

Deltakarar må kle seg for og væra ute så sjekk værmeldinga i forkant!


Hugs: - Varme kle, Gode sko og evt. noko for å skrive notater

Velkommen!

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?