Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Folkemøte om Kvinnherad2050 på Hatlestrand 25.09

Kvinnherad kommune er i gong med revidering av kommuneplan - både samfunnsdelen og arealdelen. Vi har valt kalla arbeidet Kvinnherad2050 for å synleggjera at kommuneplanlegging handlar om framtida; heilskapleg og langsiktig. Les gjerne meir om planen på kvinnherad2050.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Kommuneplanen vil ha stor innverknad på framtida til alle som skal bu i kommunen vår, og det er difor viktig at så mange som mogleg blir med å forme VÅR framtidige kommune. Å kome med innspel og tankar er innbyggarane sin store moglegheit å påverke retninga i kommuneplanen, og difor arrangerar Hatlestrand bygdalag eit folkemøte på Hatlestrand skule der det vil bli informert om arbeidet med kommuneplanen, samstundes som det vert høve til å samtala og kome med innspel. Alle på Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy er hjarans velkomne til å delta på møtet.

Tidspunkt: 25.09.2019 KL. 18:00-20:00

Stad: Hatlestrand skule


Logo_320x91.png

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?