Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Geir Mogren er død

Det er med stor sorg vi må meddela at økonomisjef i kommunen, Geir Mogren, er død. Geir døde i går kveld på Stord sjukehus og etterlet seg kona Rannveig og borna Thale, Ane og Harald. I kantina på rådhuset er lagt ut ein kondolanseprotokoll der kvar og ein som ynskjer det kan skriva nokre ord. Familien vil seinare få overrakt denne protokollen.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?