Invitasjon til open tilbodskonkurranse etter LOA og FOA del 1

Kvinnherad kommune har den glede av å invitere kvalifiserte entreprenørar til å inngje pris på oppføring av ein nyare natursteinsmur i Buavikjo Seimsfoss, fv. 48 ved gnr/bnr 91/46.

Gangvei langs bilvei ved Seimsfoss

Bilete av eksisterande mur, som skal påforast ca. 0,50 – 1,00 m høgare.
Ny påforing av mur, skal ha mest mogleg tilsvarande steinkvalitet, storleik, farge og form.

Kort om oppdraget
Arbeidet må utførast med hjulgåande gravemaskin med rototilt og ulike skuffer. Murhøgde er ca. 2 m og skal påforast mellom 0,50 – 1,0 m. Entreprenøren har ansvar for all sakshandsaming i samband med godkjent arbeidsvarslingsplan frå Statens vegvesen. Entreprenøren skal montere og drifte pålagte sikringstiltak i anleggsperioden. Innlevert tilbod skal vere komplett og utan forbehold.

Tilgong på konkurransegrunnlag får ein ved å sende førespurnad til: post.bergen@norconsult.com

Frist for førespurnad er sett til: 23.08.19 kl.12:00.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?