Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Ferdselstelling

Kvinnherad kommune har frå Hordaland fylkeskommune fått tilskot til prosjektet «Friluftslivets ferdselsårer i Kvinnherad». Prosjektet vil ende opp i ein enkel temaplan for kva nærturområde ein ønskjer å forbetre og tilretteleggje for innbyggjarane i dei ulike bygdene og buområda. Gode nærturområde har stor betydning for innbyggjarane si trivsel, helse og bulyst. Kvinnherad kommune har i ei årrekkje vore ein føregongskommune når det gjeld tilretteleggjing for friluftslivet. Ein plan for friluftslivets ferdselsårer er ei naturleg oppfølging av dette.

Som eit ledd i dette arbeidet, ønskjer vi å få eit bilete på ferdselsmønsteret og status i dei ulike turområda i kommunen. Ferdselsmønsteret kan vi finne fram til gjennom ulike metodar, mellom anna trimbøker som står enkelte stader. I tillegg gjer vi ei elektronisk registrering gjennom såkalla «kundeteljarar». Dei setjast opp etter avtale med grunneigar, og vil stå oppe i avgrensa periodar (3-6 månader, avhengig av sesong). Dei registrerer om nokon går eller syklar forbi. Dei tek ikkje bilete, og er heller ikkje kobla opp til nett. Dei kan berre lesast av manuelt. Teljartypen nyttast og mellom anna til andre føremål, til dømes i butikkar. Data om ferdselsmønsteret vil nyttast til planarbeid i Kvinnherad kommune.


Teljar
  
Teljar - Opsangervatnet

Gjennom denne teljinga får vi noko utvida kunnskap om korleis innbyggjarane bruker turområda våre, og kva tiltak som gjer at ein brukar området. Mellom anna set vi opp nokre teljarar i område der det vert planlagt å gjere tiltak i framtida, og vi kan sjå i ettertid om tiltaket ga effekt.

Om du ønskjer meir informasjon om prosjektet, kan du ta kontakt med kulturkontoret i Kvinnherad kommune.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?