Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Tidleg- og førehandsrøysting til kommunestyreval og fylkesstingval 2019

Tidlegrøysting:
Du har høve til å tidlegrøyste på Rådhuset, i opningstida her, frå 1.juli – 9.august. Ynskjer du å nytte deg av dette må du avtale tid med sentralbordet på Rådhuset, tlf 53 48 31 00.

Førehandsrøysting: Frå laurdag 10. august på Biblioteket, Husnes. Frå måndag 12.august også på desse stadene:

  1. Rådhuset, Rosendal
  2. Hatlestrand skule
  3. Øyatun skule, Halsnøy

Førehandsrøysting held fram til og med 6.september. Tidspunkt for førehandsrøysting vil bli annonsert seinare.

Husk legitimasjon!

Valstyret

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?