Erfaring tilseier at det er mange eldre som er einsame i desse dagar og det kan vera små tiltak/ aktivitetar som gjer at nokon får ein betre kvardag. Dømer på aktivitetar kan vera besøk, luftetur, handling, kinobesøk, fisketur, køyretur, telefonven, enkel opplæring på telefon osb.

Har du eller nokon du kjenner behov for sosial kontakt i denne utfordrande tida? Eller ynskjer du å bidra som frivillig?

Vi ynskjer å høyre frå deg!

Ta kontakt med frivilligsentralen så tek vi ein uformell prat!