Kontakt

Tlf. 53 48 80 60

Styrar
Kari Bakken Teigen
Tlf. 911 72 654

Avdelingar
Månetoppen, tlf. 53 48 80 61
Tirilltoppen, tlf. 53 48 80 62
Trollskogen, tlf. 53 48 88 64
Mummidalen, tlf. 53 48 80 67

Adresse
Valevegen 36
5451 Valen

Opningstider: 06.30 - 16.30

Heimeside: https://akasiabarnehage.no/

Om barnehagen

Akasia Barnehage er eid av Akasia. Akasia sin visjon er å skape Verdiar for generasjonar. Dei overordna verdiane til organisasjonen er:

Ansvarleg - Lærande -  Nyskapende - Åpen

Akasia Valen barnehage ligg fint til på Valen med utsikt over sjøen. Me har skog, mark og sjø i nærmiljøet vårt. Turmåla våre er dermed varierte. I nærmiljøet har me garden på Valen der me får komma og sjå på dyra både ute og inne etter avtale med gardseigar. Me har ritellet der hestane går ute. Sjukehusparken til Valen sjukehus er flittig brukt av oss, der me har mange gode naturopplevingar. Kyrkja og nærbutikken ligg i gangavstand frå barnehagen. Næraste nabo er Valen skule der me ofte er på besøk i Valeparken og skuleplassen.

Akasia barnehage tilbyr plass til barn i alderen 0-6 år. Det er mogeleg å søkja barnehageplass heile året. Barnehagen tildeler plass ved ledig kapasitet. Komunal frist for hovudopptak er 15. februar. Søknad må gjerast på Kvinnherad kommune sine sider.