Nybyrjarkurs i birøkt

Nybyrjarkurs i birøkt

Vi startar kurs for nye birøktarar den 20. februar. Kurset tek utgangpunkt i Norges birøktarlag sitt nybyrjarkurs, og formell arrangør er Bergenske birøktarlag.
Kurset finn stad i Sandvik Landbruk sitt bygg i Omvikedalen (teoridelen), og i bigarden til Sturla Helland på Sunde (praksisdelen)
Kurset startar med teoriøkter fram til ca mai når vi kan ha vår første tur i bigarden. Dei som vil vere med på den praktiske delen må skaffe seg biedrakt, slør og handskar (informasjon om dette på første kurskveld).
Kurset vil gi deltakarane ei innføring i livet i ei bikube, vi snakkar og litt om andre insekt og om samspelet i naturen og biene sin plass i økosystemet.
Vidare vil deltakarane få grunnleggande kunnskap om birøkt slik at ein kan starte eigen birøkt.
Vi tek fram faktorar for god dyrevelferd, forhold som påverkar honningutbytte, og deltakarane får ei innføring i hygienisk birøkt, sjukdomsførebygging og regelverk for birøkt.
Kurset vil ha om lag 5 teoriøkter og 5 besøk i bigarden.
Kurshaldar: Sturla Helland
Kursavgift kr 2500 inkludert kursheftet vert å betale til Bergenske birøktarlag.
Dato: 20.2.20 kl 18
Stad: Sandvik Landbruk sine lokale i Omvikedalen.
Påmelding til Sturla Helland, tlf 97024320 innan 18.2.20

Arrangør: Landbrukskontoret
: Sandvik landbruk, Omvikdalen
Tid: torsdag 20. februar 18:00
General