Ænes Inkubator AS har i dag løyve til produksjon av inntil 20 millionar fisk, 3075 tonn biomasse og eit fôrforbruk inntil 3220 tonn.  

 

Det blir søkt om utviding av løyve til inntil 21 millionar fisk, 11 800 tonn biomasse og eit fôrforbruk inntil 12 100 tonn.

Det ligg føre løyve etter Vassressurslova frå NVE av 30.01.2018 for vassuttak i Æneselva. NVE har uttalt at utvidinga må skje ved bruk av avsalta sjøvatn då det ikkje er nok vatn i Æneselva til den omsøkte utvidinga.

Omsøkt areal er i detaljreguleringsplan avsett til akvakultur føremål i kommuneplan

Søknaden ligg her

For nærare opplysningar ring Kvinneherad kommune 5348100. Eventuelle merknader kan sendast til kommunen, 5470 Rosendal innan 6.7.2022