- Det er ei stor glede å sjå at samfunnshuset i Rosendal er meir innbyande enn nokon gong, ei stor takk til alle som har bidrege. Fremst i dette arbeidet har Kristin og Trygve stått år etter år, skriv ein av dei som har nominert ekteparet til frivilligprisen.
Trygve Torjussen er leiar i styret for huset, og Kristin Lamberg er leiar for Rosendal Musikklag og eldsjel som «brenn» for samfunnshuset. Rosendal Samfunnshus er eigd av fleire lag og organisasjonar, har ingen tilsette og blir drive på dugnad. Kristin og Trygve arrangerar dugnader og har sjølve lagt ned adskillege dugnadstimar i huset. Under deira leiing er det dei siste åra blitt gjennomført store reparasjonar og utbetringar både utvendig og innvendig. Utstyr er blitt skifta ut og forbetra, kjøkkenet er svært godt utstyrt, slik at huset i dag står som svært tiltalande og anvendeleg til ulike arrangement, både private og offentlege.

Komiteen for årets frivilligpris vil gratulera dei verdige vinnarane. Høgtidleg overrekking og markering av årets pris vert gjennomført på nyåret då korona situasjonen tillet oss å samlast.