Ordførarar frå 23 norske kommunar har signert den internasjonale, FN-støtta klimakampanjen Race to Zero. Målet er å legge press på at regjeringar som deltek der, må styrke sine bidrag til Parisavtalen under klimatoppmøtet i Glasgow. Torsdag 14. oktober møttes desse kommunane på den britiske ambassaden, der tema var: «Kva betyr lokalt klimaarbeid i en global samanheng, og korleis kan kommunane strekke seg lenger?»

Fokuset var altså på det viktige, lokale arbeidet som vert gjort i norske kommunar for å få ned klimagassutsleppa. Døma var mange, Longyearbyen presenterte sine tverrpolitisk forankra mål, der dei går frå å vere utelukkande kolbasert, til å bli Noregs første nullutsleppssamfunn. Osloregionen viste korleis klimabudsjettet som dei var først ute med i verda, no er i ferd med bli teke i bruk i megabyar i resten av verda, som Mumbai i India. Ordførar Hans Inge Myrvold frå Kvinnherad presenterte kommunen sitt nye klimamål, å bli ein netto nullutsleppskommune innan 2040. Han viste til korleis ferjene i kommunen allereie er elektrifisert, og trakk fram vasskrafta vår som skal bygge opp ny, grøn industri i regionsenteret. Han viste også til at Hydro Husnes produserer verdas grønaste aluminium, og at CO₂-fangst samstundes er avgjerande for at vi når klimamålet vårt. Etter møtet hasta ordføraren vidare til Stortinget til ein ny kvardag som stortingsrepresentant.

Lenkje til opptak av seminar på ambassaden:

https://www.facebook.com/watch/live/?ref=watch_permalink&v=3085557005050233