• Dagsenter, aktivitetssenter/ møteplassar kan opnast att, med høgt fokus på smittevern. Dagavdelingane på sjukeheimane held framleis stengt. Gjeldande besøksordning på sjukeheimane fortset éi veke til. Dagtilbodet for psykisk utviklingshemma blir stengt ut denne månaden.
     
  • Ungdomsskulane og vidaregåande går frå raudt til gult
     
  • Kinoen kan opne att innanfor nasjonale reglar
     
  • Skjenkeforbod i éi veke til før ny vurdering 25. januar
     
  • Avgrensa sosial kontakt i størst mogleg grad. Oppmoda om å møta andre utandørs, og til å ikkje ha besøk av fleire enn 5 gjestar. (Dersom alle gjestane kjem frå same husstand kan fleire samlast, men berre dersom det er mogleg å halda avstand. Born i barnehage- og barneskulealder kan ha besøk frå sin eigen kohort)
     
  • Maksimalt ti personar på private tilstellingar utanfor eigen heim. Utandørs er grensa 20 personar
     
  • Maksimalt 200 personar på utandørs arrangement. 600 dersom alle i publikum sit i fastmonterte seter
     
  • Det er rådd frå reiser i inn- og utland som ikkje er naudsynte. (Reise til studiestad kan sjåast på som naudsynt)
     
  • Hytteopphald vert ikkje rådd frå om ein er på hytta saman med folk ein bur saman med elles
     

Sjå meir informasjon på regjeringa sine nettsider