I desse dagar opnar samfunnet sakte opp att. Mange born har fått koma tilbake til barnehage og skule, og snart er vi forhåpentleg tilbake til dagleglivet og familielivet slik vi er vane med å ha det. Tida vi har vore inne i har ført til at mange familiar har vore saman lenge, tett på kvarandre. Det kan vere både hyggeleg og fint med ekstra tid saman med familien sin, men det kan og tære litt på stemninga etter som tida går. Det kan til dømes vere vanskeleg for foreldre og barn å få det betre saman.

Nasjonalt Utviklingssenter for Barn og Unge (NUBU) har laga ei verktøykasse til hjelp for dette. Her finn du ulike verktøy som gir det konkrete råd og tips til ulike tema som angår samspelet mellom foreldre og born.

Klikk deg inn på NUBU sine sider her.