Det er elvar som har ein stor del av dreneringsområdet over 500-700 moh som er mest utsett. Vêrforholda i tida som kjem vil vere avgjerande for korleis situasjonen utviklar seg. Faren for flaum vil auke viss det kjem regn og mildvêr samstundes.

I Vestland er det dei indre områda som er særleg utsett. NVE trekkjer også fram at det er større risiko knytt til vassdrag som ikkje er regulerte, enn til dei regulerte. I regulerte vassdrag er det høve til å dempe flaum ved hjelp av magasina.

Det viktigaste vi kan gjere for å møte naturhendingar som dette er å vere førebudde. NVE oppmodar både lokalt beredskapsapparat og publikum om å følgje med og gjere tiltak for å redusere faren for lokal overfløyming i samband med snøsmelting. 

Alle har eit medansvar for å bidra til å avgrense skade. Det kan t.d. vere ved å flytte verdiar og lause gjenstandar frå område som kan flaume over. Andre tiltak kan vere å reinse avløpsvegar som stikkrenner og kummar, for å sikre at vatnet får fri passasje. Viss det er fare for at vatn kan kome inn i garasje eller kjellar, er det å flytte gjenstandar opp frå golvet eit aktuelt tiltak. 

Kommunane i Vestland har lang erfaring med flaum og er godt i gang med å førebu seg. Tiltak som er aktuelle i situasjonen vi står i no er 

  • å kontrollere kjente utsette punkt
  • å reinske kulvertar, grøfter og stikkrenner.  Kommunen sine folk og vegvesenet har ansvar for kvar sine vegar.
  • å syte for god informasjon til befolkninga for at kvar og ein skal flytta verdisaker som kan blir skylt ned med elvane.

Informasjonsvideoar frå NVE

Nedanfor er lenker til ulike filmar som NVE har laga i forkant av vårflaumen i år. Desse kan fritt brukast av alle som ønskjer dette. Elles vil www.varsom.no vere vår viktigaste plattform for informasjon knytt til vårflaumen.