Den nye løysinga inneber at alle faktura som vert forsøkt sendt digitalt, via AvtaleGiro, eFaktura, Vipps Rekning, digital postkasse (Digipost eller eBoks) eller som vedlegg i ein e-post. Om dette ikkje er mogleg vert fakturaen levert som papirfaktura i postkassa di.

AvtaleGiro
Dersom du som kunde har AvtaleGiro, vil òg belastningsoppgåva verta forsøkt distribuert digitalt. Den nye fakturablanketten vil ikkje ha noko girodel til brevgiro. Ei god løysing for deg som ikkje har nettbank eller andre digitale løysingar vil få vera å oppretta AvtaleGiro, så får du tilsendt belastningsoppgåve i posten.

eFaktura
eFaktura er vår mest føretrekte distribusjonskanal, og vi vil oppmoda alle våre kundar om å opprette eFaktura i banken. eFaktura sikrar at fakturaen kjem kjapt fram, samt at den er ferdig utfylt så du slepp å tasta kontonummer, KID og beløp.

Faktura via Vipps
Gjennom den nye løysinga har vi no moglegheit til å tilby Vipps eFaktura. Dette føreset at du nyttar Vipps og har aktivert Vipps eFaktura inne i appen.

Faktura i Digipost/eBoks
For å ta i mot faktura på Digipost/eBoks fordrar det at du har oppretta ein digital postkasse hos ein av desse leverandørane. Dersom du allereie har avtale om eFaktura eller avtalegiro med kommunen vil desse vera føretrekt framfor digital postkasse.

Faktura som vedlegg i e-post
Ønsker du å få fakturaen tilsendt som eit PDF-vedlegg til e-post kan du kontakta oss for å få registrert di e-postadresse i vårt system. Vi må presisera at dersom du har andre digitale kanalar som avtalegiro, eFaktura, Vippsfaktura eller digital postkasse, vil desse verta føretrekt framfor e-post.

Faktura levert i postkassa
Dersom vi ikkje får treff i nokon av dei digitale kanalane, vil fakturaen bli levert i postkassa på same måte som tidlegare, og den einaste skilnaden du vil merka er at utsjånaden på fakturaen er noko endra. Den nye blanketten har ikkje girodel nedst, så om du ønsker å nytta brevgiro må du fylla ut ein tom giroblankett. Tome giroblankettar kan du få i banken eller på rådhuset. På rådhuset kan du òg få hjelp til utfylling av giro om dette er ønskeleg.