Skular og barnehagar er stengt som eit tiltak for å stoppa spreiing av koronaviruset. Kvinnherad kommune kjem difor ikkje til å krevja betaling for born i barnehage og SFO i den perioden tilboda er stengde.

Faktura for mars (forfall 20.03.20) blir delkreditert med 50%. Dei som alt har betalt heile kravet vil i næraste framtid få for mykje innbetalt tilbakebetalt. Faktura for april (forfall 20.04.20) gjeld 50% av tida,  det vil seia for andre halvdel av april.

(Dersom det på eit seinare tidspunkt blir bestemt at barnehage/SFO skal vera stengt vidare framover vert denne faktura kreditert før forfall 20.04.20)