Kvinnherad kommune er i gong med revidering av kommuneplan - både samfunnsdelen og arealdelen. Vi har valt kalla arbeidet Kvinnherad2050 for å synleggjera at kommuneplanlegging handlar om framtida; heilskapleg og langsiktig. Les gjerne meir om planen på kvinnherad2050.no.

Kommuneplanen vil ha stor innverknad på framtida til alle som skal bu i kommunen vår, og det er difor viktig at så mange som mogleg blir med å forme VÅR framtidige kommune. Å kome med innspel og tankar er innbyggarane sin store moglegheit å påverke retninga i kommuneplanen, og difor arrangerar Hatlestrand bygdalag eit folkemøte på Hatlestrand skule der det vil bli informert om arbeidet med kommuneplanen, samstundes som det vert høve til å samtala og kome med innspel. Alle på Ølve, Hatlestrand og Varaldsøy er hjarans velkomne til å delta på møtet.

Tidspunkt: 25.09.2019 KL. 18:00-20:00

Stad: Hatlestrand skule

Logo_320x91.png