Førebyggjande

Førebyggjande avdeling si oppgåve er å verna liv, helse, miljø og materielle verdiar gjennom krav til førebyggjande tiltak mot brann og eksplosjon. Dette vert gjort mellom anna ved å gå tilsyn i dei bygningane i kommunen som er definerte som særskilde brannobjekt (sjukeheimar, større verksemder, skular, osv). Avdelinga driv informasjonsarbeid, både opp mot privatpersonar og tilsette i ulike verksemder. Kvart år vert det gjennomført brannvernopplæring av 6.- klassingane i kommunen. Avdelinga handsamer saker som omhandlar lagring av brannfarleg vare, sal av fyrverkeri, større arrangement etc. I tillegg har førebyggjande avdeling ansvaret for feietenesta i kommunen.

Bekymringsmelding om brannsikkerheit
Bekymringsmeldingar er meldingar om risikotilhøve knytt til brannsikkerheit. Det kan vere alt frå blokkerte rømningsvegar, parkerte bilar som hindrar brannvesenet i å komma fram med naudsynt utstyr, brannfarlege butilhøve med meir.

Kvinnherad brann og redning ønskjer tips får innbyggjarar som vedkjem brannsikkerheit. Om du ønskjer, kan du vere anonym. Ved bekymring, kan brannvesenet gi råd og rettleiing. Send melding her, eller ta kontakt med avdelingsleiar Øyvind Ousdal.

Beredskap

Beredskapsavdelinga si oppgåve er å verna liv, helse, miljø og materielle verdiar mot brann og eksplosjon, mot ulykker med farleg stoff og farleg gods og andre akutte ulykker, samt uønska tilsikta hendingar. Beredskapsavdelinga er fordelt på 8 brannstasjonar:

  • Fjelberg
  • Halsnøy
  • Husnes
  • Rosendal
  • Uskedalen
  • Varaldsøy
  • Ølve
  • Åkra