Mattilsynet er eit statleg, landsdekkjande forvaltningsorgan som er med på å sikre forbrukarane trygg mat og trygt drikkevatn. Mattilsynet skal fremje folke-, fiske- og dyrehelse, miljøvenleg produksjon og etisk forsvarleg hald av fisk og dyr.

Mattilsynet sine roller er å utarbeide framlegg til, forvalte og rettleie om regelverk, føre eit risikobasert tilsyn, formidle informasjon og kunnskap og ha beredskap.

mattilsynet_logo

Alle som arbeider med dyr har ansvar for å følgje Noreg sine lover og forskrifter. Noreg må òg følgje internasjonale reglar som til dømes EØS-avtalen. Meir om dette kan ein lese på heimesida til Mattilsynet.

Dyrevelferd

Det er dyreeigarane sitt ansvar at dyra har det bra. Mattilsynet skal sjå ti at dyreeigarane gjer jobben sin. Om dyreeigarane bryt lova og ikkje handterar dyra på ein god nok måte, har Mattilsynet rett og plikt til å gripa inn. Dei kan ta dyr i forvaring, omplassera dei eller avliva om naudsynt.

I lova heiter det: "Enhver som har grunn til å tro at dyr blir utsatt ofr misshandling eller alvorlig svikt vedrørende miljø, tilsyn og stell, skal snarest mulig varsle Mattilsynet eller politiet".

Ein kan sende bekymringsmelding til Mattilsynet, eller ein kan ta kontakt med dyrevernnemnda i området.