Om barnehagen

Dønhaug gardsbarnehage er ein liten barnehage med 26 plassar, som held til på ein gard i Uskedalen. Vi er delt i to grupper Oppigarden  0-3 år, og Nedigarden 3-6 år. Visjonen vår er «med varme vaksne er borna trygge, og gode relasjonar skal vi saman byggje». 

Barnehagen er med på kompetanseløftet «vera saman», med fokus på varme og grensesetjande vaksne. Vi er opptatt av å skapa eit inkluderande og trygt miljø for borna våre.  Korleis vi vaksne er i møte med barn, er noko vi heile tida jobbar med. Vårt viktigaste arbeid er å byggja relasjonar til kvar enkelt, og at vi møter barna med haldningar vi vil dei skal møta kvarandre med.

Vi er tilknytt ein gard med sauer og høns, og desse følgjer vi gjennom året. Høgdepunktet er våren og lembinga, men elles er det mykje anna som skjer på ein gard, alt frå matlaging til utearbeid. Vi er opptatte av å visa borna korleis vi skal vera saman med dyra.

Vi likar å gå tur, og har ei grillhytte oppi skogen som ofte er turmålet vårt.

Opningstider: 06.45 - 17. 00

Heimeside Dønhaug