Om skulen

Ølve Montessoriskule er ein privat skule, 1.-7. klasse, som ligg i den vesle bygda Ølve i Kvinnherad kommune. Skulen vart starta i 2013, då Ølve skule vart lagt ned. Skulen har i skuleåret 2022/2023 26 elevar og 7 tilsette. Elevane kjem i hovudsak frå bygda, men me har òg nokre elevar frå andre kommunar. Me er ein heildagsskule utan lekser, og driv etter montessoripedagogikken, utvikla av Maria Montessori.

Det kostar ingenting å vera elev hjå oss,men ein betalar 1230 kr per halvår for lunsj, frukt og mjølk.

Du kan lesa meir om skuledagen og pedagogikken vår på heimeside. Ta kontakt dersom det er ting du lurar på, eller vil koma på besøk!