Vegnorma for Kvinnherad kommune er utarbeidd med det føremål om å sørgje for at nye kommunale og private vegar vert planlagt og bygd på ein einskapleg måte som tek vare på mål om trafikktryggleik, miljø og framkome for alle trafikantgrupper i Kvinnherad kommune.  

Vegnorma skal òg gjelde ved oppgradering/vedlikehald av eksisterande privat eller kommunal veg og skal fungere som eit oppslagsverk for mellom anna sakshandsamar, privatpersonar, prosjekterande og entreprenørar der all naudsynt informasjon skal vere tilgjengeleg, samt gje ei kortfatta innføring i krava som vert stilt til vegplanlegging og bygging av ny eller oppgradering/vedlikehald av eksisterande kommunal eller privat veg i Kvinnherad kommune. Norma skal nyttast til vegar som blir eller er planlagd opprusta. Det er ikkje krav om at all eksisterande veg skal opprustast før noko kan gjerast langs ein eldre veg.

Vegnorma er utarbeidd for å vere eit tilpassa styringsverktøy ved planlegging, bygging, forvaltning, drift- og vedlikehald av det kommunale og private vegnettet, og er utarbeidd med omsyn til trafikktryggleik, framkome og miljø. 

Vegnorma er utforma for å gje dei som skal nytte vegen jamleg, som SIM, buss, heimesjukepleie med meir tryggleik slik at dei kjem fram og attende utan fare for liv og helse òg på dagar med ekstremvêr. Det er sett fokus på moglegheit for å snu i enden av blindvegar med store køyretøy. Store køyretøy trafikkerer dei fleste stader -  forutan utrykkingskøyretøy så gjeld det til dømes bossbil, og utstyr for snørydding. Det er ikkje nokon god løysing å rygge lengre strekk i bustadfelt med mykje mjuke trafikkantar.

Vegnorm for Kvinnherad kommune var først oppe til politisk handsaming hausten 2020. Der ba kommunestyret om at administrasjonen skulle arbeide meir med norma, samt arbeide for å få innbyggjarar sitt syn på norma. 2. utkast til vegnorm for Kvinnherad kommune er endra slik at krav til vegbreidd, fortau og tilhøyrande har ein samanheng med vegtype og trafikkmengda vegen skal handtere.

Kvinnherad kommune ønskjer å høyre ditt eller dykkar syn på vurderingane i planen. Ta kontakt og send gjere inn synspunkt til post@kvinnherad.kommune.no. Frist for å sende inn synspunkt er 07.11.2021. 

Les 2.utkast av vegnorma