Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Åkra logo

Hestekrefter, sol og snø

Vinter i barnehagen

Tysdag og torsdag i forrige veke fekk ungane i Åkra barnehage eit gjensyn med hesten Garpur og Trygve.
Dei siste vekene har små og store opplevd ein skjeldan kald og stabil vinter. Akebakken har vore flittig i bruk både på dag- og kveldstid. Raude kinn, blide ungar og lassevis av klær.
Gleda var stor forrige tysdag og torsdag då Trygve var tilbake i barnehagen. Hesten Garpur fekk salen på og ungane fekk seg ein ridetur etter gamalt. Rideferdigheitene var ikkje gløymde!
Torsdag ordna me oss med lavvo og omn nedanfor gamlehuset i Smiedal. Først fekk ungane ein ridetur. Etterpå fekk dei ein fartsfyllt tur på akebrett, med Garpur som trekkdyr. Litt skummelt i starten for einskilde, men det var snart gløymt. Det kitla godt i magen!
Kakao og niste i lavvoen etterpå. Til slutt fekk me ta turen inn i gamlehuset, eit flott nyrestaurert hus i beste vestlandsstil. Der steikte Trygve pølser til alle i hop. Ein fin avslutning på turen.

Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no