Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

VilVite-bussen på rundtur i Kvinnherad

I veka før pinse fekk elevar på 5. – 7. trinn i åtte skular besøk av VilVite-bussen med eit undervisningsopplegg som fanga interessa til elevane for matematikk og naturfag.

Bussen kjem frå VilVite-senteret i Bergen. Dei har tema elektrisitet og fargar, magnetisme, stjernehimmelen, lys og lyd. Først får elevane vere med på eit show. Etterpå får elevane lære meir gjennom praktiske oppgåver og eksperiment. Prosjekt Teknologi og Realfag i skulen (TERF) sponsar skulebesøka, og målet er å skape interesse og kunnskap om realfag.

Tysdag hadde Hatlestrand oppvekstsenter besøk samstundes som elevar frå Trå og Ølve var invitert. Onsdag var VilVite-bussen på Undarheim, og torsdag vitja dei Valen skule, der elevar frå Skarvelad også deltok. Fredag avslutta rundreisa med besøk i Rosendal med Omvikdalen skule som gjester. Etter at elevane hadde fått sin dose med spennande eksperiment, var det lærarane sin tur. Naturfaglærarane fekk nye tips og idear til prosjekt der dei kunne involvere elevane på ein spennande måte. Eit døme var å lage ein liten luftputebåt med ballong, ventil og ein CD. Med hjelp av enkle billige grep, kan ein altså få til spennande ting i skulen.

VilVite på hjul består av avdelingsleiar Asle Moldestad, formidlar Anna Trøite Sandven og formidlar Kai Håkon Sunde. Moldestad var med heile veka i Kvinnherad, medan Sandven var med dei to første dagane, og Sunde dei to siste dagane.
 

For meir informasjon om Vil Vite, sjå følgjande link:

www.vilvite.no 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no