Viktig informasjon om stenging av matrikkel og grunnbok i forbindelse med kommune- og regionreform
Som eit ledd i gjennomføringa av kommune- og regionreforma, stenges matrikkelen og grunnboka for brukarar i periodar i desember 2019. Dette får konsekvensar for kommunens matrikkelføring og matrikulering.

Matrikkelen stenges for oppdatering for alle landets kommunar i 9 virkedagar, frå 13. desember 2019 kl. 18:00 til utløpet av 1. januar 2020. Tilsvarande blir grunnboka stengt for oppdatering frå 27. desember 2019 kl. 20:00 til utløpet av 1. januar 2020.

Kartverket anbefalar at kommunane i størst mogleg grad ferdigstiller alle saker som skal sendast inn for tinglysing, innan 29. November. Saker som ikkje kan ferdigstillast innan 13.desember 2019, vert ikkje matrikkelført eller sendt til tinglysing før januar 2020.

Særskilt om føring av konsesjonsopplysningar
Stenginga av matrikkelen innebærer også at konsesjonsmodulen er stengt for registrering av konsesjonsvedtak og eigenfråsegner om konsesjonsfritak.  Ta kontakt med kommunen for organisering og gjennomføring av dette.