Verneskog er skog som fungerar som vern mot naturfare (ras, elvebrot og flaum), og verneskog gjer vern mot vêr og vind for annan skog, dyrka mark og busetnad eller skog som er særskilt utsett grunna klimatiske tilhøve og som difor er sårbar og kan bli øydelagd ved feil skoghandsaming. Samstundes har skogen fleire viktige reguleringsfunksjonar for område utanfor skogen, og skogen sin nytteverdi vil bli viktigare i eit endra klima.

For å hindre feil skoghandsaming i verneskog, er det i mange område fastsett meldeplikt for hogst. Hordaland er eit av dei fylka i Noreg som har med utfordringar knytt til sterk nedbør og ras. I Hordaland i dag er det ikkje definert noko verneskogområde som skal har ein førebyggande vernfunksjon mot naturfare.

Kvinnherad kommune er med i ei arbeidsgruppe for verneskog i Hordaland i lag med representantar frå andre kommunar, Vestland fylkeskommune, Statsforvaltaren i Vestland, NVE og Landbruksdirektoratet. Målsettinga for gruppa er å finne modellar for drift av verneskog i område som er utsett for naturfare/naturkatastrofar. Førebygging mot naturskade betyr at ein har definert utfordringa i området, sikra eit stabilt tilskotssystem, langsiktig planlegging, profesjonell rådgjeving  og ikkje minst forsking. Val av eigna og tilpassa treslag, skjøtselstiltak og eigna driftsløysingar er avgjerande for å ivareta funksjonen til skogen.

Om du ynskjer å lese meir om verneskog og arbeidgruppa som Kvinnherad er ein del av, sjå her.  

Skog