- Framsida
- Tenester
- Beredskap
- Barn og familie
- Bygg, eigedom og plan
- Helse
- Departement
- Ergoterapi
- Folkehelse
- Frisklivssentralen
- Fysioterapi
- Helsestasjon
- Helsetilbod online
- Hjelpemiddel
- Individuell plan
- Legetjeneste
- Legevakt
- Logopedi
- Miljøretta helsevern
- Rehabilitering
- Rus- og psykiske helsetenester
- Smittevern
- Svangerskap og fødsel
- Turnuslege
- Vaksinasjon
- Varmebasseng
- Informasjonstryggleik
- Individ og samfunn
- Kultur og fritid
- Kyrkja
- Omsorg, pleie og sosiale tenester
- Natur og miljø
- Nærings- og samfunnsutvikling
- Skatt og avgift
- Skule, utdanning, barnehage og SFO
- Trafikk og samferdsel
- Offentleg bading
- Aktivitet for unge og vaksne
- Politikk
- Organisasjon
- For tilsette
- Postliste
- Tenestekatalog A-Å
- Skjema A-Å
- Arkivside
- Skjema
- Lenker
- Prosjektrom
- Treff oss på Facebook
Verdens aktivitetsdag 10.mai
10. mai er det klart for Verdens aktivitetsdag.Verdens helseorganisasjon (WHO) står bak, og tema i år er "Aktiv på din måte". Dette merkar vi lokalt med ein fellestur innover Handelandsdalen tirsdag 10.mai kl.11.30.

Verdens aktivitetsdag er eit tiltak for å auka bevisstheten rundt
helsegevinstane ved å vera aktiv.
Kun 20 prosent av den vaksne befolkinga er aktiv nok i forhold til anbefalingane. I tillegg er andelen aktive skeivt fordelt i forhold til sosioøkonomisk status. 10. mai vil vi oppfordra heile befolkninga til å vere i aktivitet på sine premiss.
![]() |
| Handelandsdalen |
Her i Kvinnherad merkar vi verdens aktivitetsdag i år med ein
fellestur til Handelandsdalen. Dette er ein av 69 merka turstiar i
kvinnherad gjennom prosjektet "turstiar i Kvinnherad".
Turstiane i kvinnherad er no delt inn etter vanskegrad slik at ein lettare skal finne den turen som passar, turstiane er delt inn i 4 ulike graderingar. I dette prosjektet har ein og merka kva turar som eignar seg for rullestol, for å tilretteleggja meir for at alle skal komma seg ut på tur.
Turen til Handelandsdalen passar for alle og er tilgjengeleg med rullestol og barnevogn.
Å vera aktiv på sin måte, betyr meir enn trening.
I følgje anbefalingane held det å vera fysisk aktiv 30 minutt om dagen for å få ein god helsegevinst. Anbefalingane inkluderar i tillegg til trening all samla kvardagsaktivitet, der ein har eit moderat intensitetsnivå. Dette kan til dømes vera gå/ sykla til jobb og ta trappa i staden for heisen. Vi ønskjer å oppfordra alle til å finna sin måte å vera fysisk aktiv på.
Vi møter ved parkeringsplassen ved Handeland gard tirsdag 10.mai kl 11.30 og går innover Handelandsdalen.
Ta med niste så et vi felles lunsj ved Feto.
Det blir tent opp i peisen i grillhuset.
Kontakt folkehelsekoordinator Cecilie Bjørke for meir informasjon
"Turstiar i Kvinnherad"
Folkehelsekoordinator, Cecilie Bjørke
Rådet for funksjonshemma, Liv Pedersen
Kvinnherad turlag, Anne Kari Enes
Kvinnherad turistinformasjon, Karen Løvfal Våge








