Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Vellukka møte om frukt -og bærdyrking

bringebær
Omlag 20 interesserte fann vegen til kommunestyresalen då Landbruksrådgjevinga i Hordaland orienterte om dyrking av frukt og bær

Tidlegare vart det dyrka både frukt og bær for sal i kommunen, men i dei seinare åra er det svært få som nyttar jorda si til dese føremåla.  På Varaldsøy og på Utåker var det fleire frukthagar.  Klimaet og hjorten må kanskje få noko av skulda for at det no er lite fruktproduksjon her.

Føredragshaldarane frå Landbruksrådgjevinga Henrik Tellevik og Liv Lyngstad  meinte absolutt det var eit potensiale her. Tellevik vil gjerne ta turen til Kvinnherad for å gje råd til deg om du lurer på å starte opp med produksjon på bruket ditt.

Jostein Prestbø frå Fitjar har nyleg planta til bær på sin eigedom. Han har satsa på plasttunnell. Han synte oss bilete og fortalde om prosessen.

Av bærsorter kan bringebær, blåbær, bjørnebær og jordbær kan vere aktuelt å dyrke her. Det gjeld å velge rett dyrkingsteknikk og rett sort.

Ta gjerne kontakt med Henrik Tellevik i Norsk Landbruksrådgjeving , Hordaland på tlf 98245832 eller Tore Eik på landbrukskontoret om de vil ha gode  råd.

 


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no