Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image
Loading map...

Uskedalen Barnehage

Velkommen til Uskedalen Barnehage

Uskedalen Barnehage Bilde_150x100
Uskedalen Barnehage er ein del av Uskedalen Oppvekstsenter. Barnehagen ligg flott til ved sjøen og har kort vei til fjellet.
Med vår nærleik til sjø og fjell er det naturleg at vårt satsingsområde er Natur og uteliv.

Uskedalen Barnehage ligg i bygda Uskedalen midt i Kvinnherad kommune. Barnehagen ligg i omgjevnader som innbyr til variert aktivitet i naturen og ved sjøen. Barnehagen ligg rett ved stranda i Uskedalen, her går vi ofte. Det er mykje spennande som skjer ved stranda, stadig nye ting å oppdage. Opplevinga er målet.
Engasjerte og positive vaksne som har tillit til ungane si erfaring og filosofering er viktig for at vi skal få turglade barn.
Barnehagebygget heng fysisk saman med Uskedalen Skule. Dette gjer at vi har eit tett samarbeid med skulen. Vi nyttar oss av skulen sitt areal ved ulike høve og har fast tid i idrettshallen og skulebiblioteket kvar veke. I overgangen barnehage - skule er dette tette samarbeidet til stor fordel for ungane. Dei er kjende i skulebygget og er som regel topp motiverte til å byte arena.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no