Vedtok utbygging av Rosendalstunet

Kommunestyret gjekk torsdag einstemmig inn for utbygging av Rosendalstunet med 60 nye sjukeheimsplassar.
Utbygging av byggjetrinn 1 har ein total kostnad på om lag 170 millionar kroner. Av dette dekkjer statleg tilskot 53 millionar kroner og refusjon av moms utgjer ca 40 millionar kroner. Dermed blir den kommunale kostnaden ca 80 millionar kroner. Det skal byggjast seks nye bufellesskap med 10 plassar kvar. Utgygginga blir aust for eksisterande bygg.
Det er tredje året saka om utbygging er oppe i kommunestyret. Då saka var opp i kommunestyret torsdag, byrja det med at det vart bede om gruppemøte. Gruppa jobba fram eit forslag som blei einstemmig vedteke i kommunestyret. Med utbygginga får ein totalt 84 sjukeheimsplassar, fordi 24 plassar framleis vil vere i eksisterande del av Rosendalstunet. Arkitektfirmaet b+b arkiteter har utarbeidd skisseprosjekt.
![]() |
| Skisse av Rosendalstunet |
Byggjetrinn 2 er ikkje vedteke, men gjeld nedriving av den eldste delen mot nordvest og oppattbygging. Total kostnad på begge byggetrinna er på 248 millionar kroner. I denne delen er det planlagt helsesenter, utviding av dagsenter, ergoterapi, fysioterapi, nye administarsjonslokale og kjøken.
Anna K. Hellevang








