
Varaldsøy utan drikkevatn

Under gravearbeid vart det brot på hovedvassleidningen til Varaldsøy vassverk i føremiddag.
Under gravearbeid vart det brot på hovedvassleidningen til Varaldsøy vassverk i føremiddag, og dei aller fleste abonnentane må rekna med å vera utan vatn ei tid.
Personell frå Tekniske tenester er på veg for å reparera skaden. Det er uvisst når vatnet kjem att, men ein reknar med at lekkasjen er tetta i løpet av ettermiddagen. Vatnet vert kopla til utan varsel.
For meir informasjon, ring vakttelefon 90 36 11 11







