Informasjon - Val 2019

Kvinnherad kommunestyre har i møte 28.02.2019 vedteke at i kommunen skal kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019 haldast over 2 dagar:
Søndag  8. sept kl. 12 - 16
Mandag 9. sept. kl. 10 - 19
Røystestader er Husnes ( Kulturhuset) og Rosendal (gymsalen i samfunnshuset) for begge dagane. For 9. september kjem også Halsnøy (Øyatun skule) og Hatlestrand (skulen) til.

Tidlegrøysting
Du har høve til å tidlegrøysta på Rådhuset, i tida frå 1. juli – 9. august, mellom kl. 09.00 og 15.00. Ynskjer du å nytta deg av dette tilbodet ringjer du og avtalar tid med sentralbordet på Rådhuset - telefon 53 48 31 00.

Førehandsrøysting
Frå 12.august er det høve til å førehandsrøyste i opningstida på fylgjande stader:

  • Rådhuset, Rosendal
  • Kvinnherad bibliotek, Husnes
  • Hatlestrand skule
  • Øyatun skule

I tillegg til ovannemnde stader vil det også vera høve å førehandsrøyste her:

27.august:

  • Uskedalen skule 16.00 – 19.00

2.september:

  • Rosendalstunet 10.00 – 12.00
  • Halsnøytunet 12.30 – 14.00
  • Mauranger skule16.00 – 18.00
  • Fjelberg (bygdahuset)15.00 – 16.30

3.september:

  • Husnestunet 10.00 - 11.30
  • Valen sjukehus12.00 – 13.00
  • Ølve alderspensjonat11.00 – 13.00
  • Varaldsøy (aldersheimen)15.00 – 16.30

4.september:

  • Åkra oppvekstsenter16.00 – 18.00
  • Skarveland skule16.00 – 18.00

Ambulerande røysting
Veljarar som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan røysta på valtinget kan etter stønad til valstyret førehandsrøyste der dei held til. Søknad med namn og fødselsnr. kan sendast Kvinnherad valstyre, Rådhuset, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal innan 2.september 2019.

Valstyret
 

Informasjon om førehandsrøysting til kommunestyreval og fylkesstingval 2019

Står du oppført i manntalet?


Aktuelle lenker:
Regjering valgportal - val.no
Vallova
Valgforskrifta
SSB - valstatistikk


Godkjende vallister:
Arbeiderpartiet.pdf
FrP.pdf
Høgre.pdf
KrF.pdf
Miljøpartiet Dei Grøne.pdf
Partiet Dei Kristne.pdf
Senterpartiet.pdf
Venstre.pdf
Sosialistisk Fellesliste av SV og Raudt.pdf