Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Røysting på valdagen

Det blir halde val på representantar til Kvinnherad kommunestyre og til
Hordaland fylkesting sundag 13.  september (Husnes og Rosendal) og måndag
14. september 2015 (alle krinsane).

 

Kommunestyre- og fylkestingsvalet 2015

Du kan stemme frå 1. juli

Dersom du ikkje har høve til å stemme innanfor den ordinære perioden for førehandsstemming, og heller ikkje på valdagen, kan du frå 1.juli t.o.m. 7. august kontakte kommunen og avtale tid for å stemme. Du treng ikkje valkortet, men ta med legimitasjon!

Førehandsrøysting

Det vert høve til å røyste frå 1.juli på rådhuset. Denne ordninga er for veljarar som ikkje kan røyste i førehandsrøystingsperioden og på valdagen.

Frå måndag 10.august til fredag 11.september vert det høve til å førehandsrøyste.

Endring av valkrinser

Kommunestyret vedtok 21.mars 2014 desse endringane i valkrinsar for Kvinnherad kommune:

A. Noverande 23 valkrinsar i Kvinnherad går ut.

B. Følgjande 4 valkrinsar vert oppretta i Kvinnherad:

  • 1. Hatlestrand (Ølve/Hatlestrand/Trå)
  • 2. Rosendal (Mauranger/Ænes/Løfallstrand/Rosendal/ Guddalsdalen/Omvikdalen/ Uskedalen/Matre/Åkra)
  • 3. Husnes (Bringedalsbygda/Husnes/Sunde/Holmedal/ Skarveland/Valen)
  • 4. Halsnøy (Sætre/Tofte/Hauge/Sydnesstrand/Brekke)

C   Den nye valkrinsinndelinga gjeld frå kommune- / fylkestingsvalet 2015.

D  I tillegg til dei  faste førehandsrøystestadene vi har i dag, vert det førehandsrøysting i utkantane etter slik plan:

 - Brekke (Borgundøy) 31.august frå kl. 14.30 - 16.00.

-  Åkra (skulen) 26.august frå kl. 12.00 - 13.30

- Trå (Varaldsøy sjukeheim) 27.august frå kl.12.00 - 14.00

- Mauranger (gymsalen) 28.august frå kl. 12.30 - 14.00.

E. Og på instittusjonar, slik:

-  Halsnøytunet 31.august kl. 12.00 - 14.00.

-  Husnestunet 25.august frå kl. 11.30 - 13.00.

-  Herøysund kompetansesenter 25.august frå kl. 13.30 - 14.30.

-  Valen sjukehus 25.august frå kl. 09.00 - 10.30.

-  Rosendalstunet 28.august frå kl. 10.00 - 11.30.

-  Varaldsøy sjukeheim 27.august frå kl. 12.00 - 14.00.

-  Ølve aldersheim 27.august frå kl. 09.30 - 11.00. 

Kvinnherad kommune, Rådhuset | Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal | Man - fre 08.00 - 15.30 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no