Kontaktpersoner
Lover
Forurensningsloven § 22Forvaltningsloven
Forskrifter
Forurensningsforskriften kap. 12Utsleppsløyve | ||||||||||
| Oppdatert: 28.12.2011 09:32 | ||||||||||
| Generelt | ||||||||||
| Tema - Natur og miljø - Forurensing og stråling - Bygg, eigedom og plan - Bygging - Eigedom og tomtar | ||||||||||
| Beskrivelse Eiger du bustad, hytte, turistbedrift og liknande som ikkje er knytta til (eller kan knyttast til) offentleg avløpsanlegg, må du søkje kommunen om løyve til å sleppe ut avløpsvatn. Hvis verksemda berre slepper ut gråvatn, gjeld plikta berre dersom du har innlagt vatn. Med avløpsvatn meiner ein avløp frå vassklosett, kjøkken, bad og vaskerom. Med innlagt vatn meiner ein vatn frå vassverk, brønn og cisterneanlegg som blir ført innandørs gjennom leidning. Med gråvatn meiner ein avløp frå kjøkken, bad og vaskerom (klosettavløp ikkje inkludert). | ||||||||||
| Kriterier/vilkår Utsleppet er mindre enn 50 pe (personekvivalentar). Standardvilkåra går elles fram av forurensningsforskriften kap. 12. Vilkår kan òg gå fram av løyvet. Eigaren av avløpsanlegget er ansvarleg for drift og vedlikehald etter forskrifta. Kommunen kan kontrollere at anlegget er lokalisert, bygt og drive i samsvar med vilkår som går fram av løyvet. | ||||||||||
| Pris for tjenesten | ||||||||||
| Brosjyrer, dokumenter, kart og lignende | ||||||||||
| Serviceerklæring | ||||||||||
| Praktiske opplysninger | ||||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten Kommunen gjev rettleiing om vilkår, forundersøkingar og korleis du skal søkje om utsleppsløyve. Skriftleg søknad skal mellom anna innehalde desse opplysingane:
Partar og andre som saka kan få følgjer for, skal ha varsel om innhaldet i søknaden. Kopi av varselet sendast kommunen. Eventuelle fråsegner skal leggjast ved søknaden. | ||||||||||
| Søknaden sendes til Kvinnherad kommune 5470 Rosendal | ||||||||||
| Saksbehandling Kommunen kan under søknadsbehandlinga fastsetje krav som skil seg frå kap. 12 i forskrifta eller nekte etableringa av utslepp. Når kommunen avgjer om det skal fastsetjast andre krav, skal det leggjast vekt på ureiningsulemper samanlikna med dei føremona og ulempane som tiltaket elles vil medføre. | ||||||||||
| Saksbehandlingstid Fullstendig søknad om utsleppsløyve som er i samsvar med krava i kap. 12 i forskrifta, skal avgjerast av kommunen innan seks veker. Dersom kommunen ikkje har avgjort saka før fristen har gått ut, kan ein rekne med at løyvet er gjeve såframt det ikkje er nokon grunn til å tru at nokon av partane vil vere misnøgde med dette. Fullstendig søknad med krav som skil seg frå forskrifta, skal avgjerast så snart som mogleg. | ||||||||||
| Klagemulighet Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga sendast dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda. | ||||||||||
| Kontaktinformasjon | ||||||||||
Ansvarlig enhet
| ||||||||||
| Andre opplysninger | ||||||||||
| Dato oppdatert 2011-12-28 09:32 | ||||||||||
| Gyldig fra 2009-05-22 | ||||||||||
| Gyldig til 2012-12-31 |






Epost