Random imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom imageRandom image

Etter plan- og bygningslovens § 12-10 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 27.08.10 på følgjande stader:

Utlegging til offentleg ettersyn av reguleringsplan - båt- og skipsmuseum - Gravdal - 201/1 m fl. - Interessegruppa Oline v/ Johannes G. Eide

I møte 23.06.10, saksnr. 2010/114, har forvaltningskomiteen i Kvinnherad kommune vedtek med heimel i PBL § 12-11 at forslag til reguleringsplan for båt- og skipsmuseum – Gravdal – 201/1 m.fl.- Halsnøy sist revidert den 02.06.2010 vert i samsvar med lova utlagt til offentleg ettersyn.
Utlegginga av planforslaget vert kunngjort i lokalpressa og kommunen sine elektroniske medier. Berørte partar og instansar skal varslast.

Planforslaget er utarbeida i regi av Ing. Øyvind Jørgensen AS.
Området er ikkje i trå med kommunedelplan for Halsnøy frå den 25.09.08. Det har vore utarbeida eit planprogram utan krav om KU. Føremål i reguleringsplan er: Bebyggelse og anlegg (bustader og andre typer bebyggelse),  samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (veg, fortau, gang- og sykkelveg, gangareal, kai, havnelager, parkering), bruk og vern av sjø og vassdrag (småbåthamn, kaste- og låssettingsplass, naturområde og badeområde), grønnstruktur (grønnstruktur, natur og park), hensynssoner med  grønnstruktur og bevaring av naturmiljø og diverse linje- og punktsymboler m.a. trær som skal vevarast og nye trær.
Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – sektor for samfunnsutvikling v/ Ingo Bewer seinast den 27.08.10.


Share on Facebook
Kvinnherad kommune, Rådhuset | 5470 Rosendal | man - fre 0800 - 1530 | Tlf: 53 48 31 00 | Faks: 53 48 31 30 | post@kvinnherad.kommune.no